Utgangspunkt for rapporten er den varsla inntektsopptrappinga i jordbruket i Hurdalsplattformen sett opp mot dei landbrukspolitiske måla. Innfallsvinkelen er korleis skal ein få ei «berekraftig» inntekstopptrapping som støttar og styrkar dei fire landbrukspolitiske hovudmåla over tid? Mål, verkemidlar og tilskot står sentralt i drøftingane, og i fyrste rekke korleis tilskotssystemet kan utformast for å svara betre opp dei landbrukspolitiske måla.